www.drevja.com Hovedside Sø. 19. nov. 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Til Lofoten i gamle dager
30.10.2006 10:59
Hovedside >

Kilde: Drevja-boka, av Gunnar Holand (Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948)

Det er ein morgon i januar med måneskin og klår himmel. Nedover frå Drevjedalen står det ein bisk austavinds-noll, og frå sjøen nedpå Drevjebukta står frostgova tjukk og svart. Lengre innpå fjorden toppar ho seg opp som røyken av ein stor omn.

Det er støtt rimføre når det er frost og landnørding. Og i dag høyrer du kor det knistrar og knakar under tremeiane når drevje-karane kjem nedover Myrmoen med fard-tyet, end å tremeiane ikkje på langt nær rimar så snart som dei nymotes jarn- eller ståldraga.

Bortpå moen høyrer du eit heilt ståk. Dei skrålar og pratar, trampar og bankar seg. Eller dei tek seg ein dram for å halda varmen i eit slikt spikarfrost.

Månen er i ferd med å gå ned burtpå Toven, så du kan ikkje sjå køyrarane klårt, - du ser berre som eit langt, grått band som buktar seg nedover. Men var det ljost nok, er eg viss på du kunne telja ein tjuge hestar eller meir. Og endå kjem det fleire når det lir lengre utpå.

Nedmed nausta ved Holandssjøen har det alt samla seg mykje folk. Du ser ljos på naustlofta og i buene. Og du høyrer rop og skrål og ramling med ved og tynnor eller slikt som skal med på ferda.
Borti frostrøyken høyrer du det ror og bankar. Båt etter båt kjem farande og legg åt i støene, - kvitrima og fulle av "fard- skrot". - Det er folket frå gardane fram-med fjorden som og stemner til Holandssjøen, for i dag skal dei setja ut storbåtane og reisa til Lofoten.

Han tek no så smått til å ljosna.

Køyrarane har sett hestane inni i nausta eller burt-til naust- veggene i livd for verste nollen.

- No kom der just ein 'leinamann og la åt i Blåfjell-støa.

- Nei, så underleg som både mannen og båten ser ut.

- Ja, det er han Stut-Pe-Nils, - han går alltid i sid vålmålskufta med standkrage. Og på hovudet ser du han har teger-hatten, som han sjølv har bunde. Utanpå hundskinnshuva har han denne hatten. Han er som ein halv-galning, ser du, og han plar jamt vera "ropar" når det er båtsetjing. Båtskarven dernede, er ein gamel vefsn-færing han har sett gavl i, - så han ser mesta ut som ein joll.

- Ser du han som kjem ruggande burtover øyra med hendene på ryggen? - Det er han Ås-Danel. Han er og som ein halv-galning, og plar støtt vera frampå der det vankar god mat og brennevin.

- Eg spår det vert leven når han og Stut-Pe-Nils møtest. Ingen muar annan, og dei vil begge vera den gjævaste roparen. Og kjenner eg gluntane rett, vågar eg dei gjer kva dei kan for å få dei i hop. Og dei sparer nok ikkje på drammane heller.

Høvesmennene har no rådført seg segimellom. Og no samlast nokre båtlag i Øygards-naustet, og det ber til med utsetinga. - Når karane har fått ryggen godt innpunn båtsida og kome seg i tak, stiller han Stut-Pe-Nils seg opp på eine sida og ropar:

- Set-i-æ-hå -!

Han skrik med 'n har mål, men båten rikkar seg ikkje.

- Det går ikkje dette, seier høvesmannen, du må komma hit, du Danel, og hjelpa oss. Han Nils greier ikkje å syng'n laus.

No tek dei til å skrika i kor, kvar på sin måte. Den eine bed den andre halda kjeften, for han kan ikkje ropa. Så løkstar og hutar dei einannan på dei verste stelle dei veit. Og både gutane og dei eldre gjer kva dei kan for å få dei retteleg i håran på einannan.

Men endeleg tek då båten til å kry ut gjenom naustdøra, og når han først har kome på glid og ut, går det heller fort. - Flaska går stundom mann-i-mellom, og roparane vert ikkje avgløymde, skulde eg tru. På sluten er det så vidt dei stavrar seg fram til båt-nausta. Og dei ropar og skrik både i tide og utide. Det er eit heilt syndføre.

Det lid fram til middags. Dei fleste båtane er alt komne på sjøen, og mange har fått inn største parten av fard-skrotet - kistor, tynnor, ved og meir slikt.

Frostet og frostrøyken har lagt seg noko. Og no har det samla seg ein heil liten ålmuge, - kallar, kjeringar, gluntar og gjentor som skal be farvel med lofotkarane. Og alle får dei lefsa og fard-dram.
Mellom folket ser du mange finnar og finskor med skinnmuddar og komagar. Finnane ror lofotfiske nett som bumennene, og finskone er sjølvsagt med for å ta farvel med mennene;
Der burte ved Olfarsteinen, ser du ein finnelyd. Mannen og kona sit på huk mot einannan og røykjer skiftevis av ei stutt, svart kritpipa. - Barnet i stokken, har dei sett å-ende i snøen. Og det ser ut til å lika seg bra, endå så bitande kaldt det er. Dei goktlar og jøykar (syng), men du skynar ikkje eit ord. - Det er lett å merka at dei har fått skikkeleg i toppen, og dei drikk ofte av brennevinsflaska, som står tett attmed.

Der burte i smoget ved Samel-bua sit ein glunt og ei taus. Dei er ålvorsame og tagalle begge. Det er venteleg eit trulova par, som tek avskil med einannan.

Elles er gluntane kåte, serleg dei unge - skårungane - som gjer første farda. Men det er vonleg mest for å døyva heimekjensla og saknaden, som alltid ovrar seg når ein skal ut på langfard. - Du ser kor dei hundsar og gjer narr av dei som er for unge eller som av andre grunnar ikkje får vera med.

Du skal vel vera kurompstyrmann og ro i kjerringværa i vinter! - og fleire slike spitord kjem dei med.

I mellomtida har han Stut-Pe-Nils rodd båt-i-mellom og tagd seg ei brødskrukka, ein klining eller ein kavring. Og han har gjort ein heil fangst, ser det ut til. No ror han heim velnøgd etter dagsens skrik og skrål.

Fard-tyet har alt kome i båtane, og høvesmennene er oppi nausta for siste gongen og ser etter at ikkje noko er gløymt. Dei som er sterkast i overtrua, leitar seg tre steinar, som dei tek med seg og gøymer på ein løynd stad i båten.

Det har kome slik uro over folket no. Gamle-kallane og ung-gluntane lagar til sledane og leier fram hestane. Og høvesmennene skundar på, så dei kan verta seglferdige, før sjøen tek til å falla. - No vert det farvel og lukka på farda, og ung-gluntane skundar seg ombord med tåror i augo, medan mødrene ropar etter dei, at dei endeleg må kle seg godt og passa seg så dei ikkje vert forkjølde.
Straks etter er segla i toppen, og to-og-tjuge båtar stemner ut etter fjorden.

Alt skrik og skrål er tagna, og otte og ålvor har lagt seg over alle andlet. Korleis vil det ganga i vinter? Vil alle som dreg ut, koma heimatt? Og det stig opp mange inderlege og varme ynske om lukka på farda. - Berre små-gluntane held seg med mot. Dei trettar så håra fyk om kem som har snaraste og gjævaste båten. Alle trur han far har den gjævaste. Dei kjeklar om dette til siste seglet er burte attom Tangen, og frostet nøyder dei til å taka på heimvegen.

Burte ved Olfarsteinen ligg finska i snøen og søv ut rusen. Barnet i stokken har teke til å gråta - det er venteleg både kaldt og svangt. - Ei av konone frå næraste garden, som just går heim, tek stokken på ryggen. Ho ropar til glunten sin at han må gjørda finska på sleden og køyra ho heim, når han er ferdig og har læst naustdøra.

Men då finska vaknar utpå kvelden i stuegolvet, vanrusan og ør, spør ho med gråt i målet:
- Kvar bane mett e?

No er det stilt og fredeleg ved Holandssjøen sist i januar. Det er ingen som køyrer fard-ty, og ingen som ropar og set ut båtar. - Av dei fir-og-førti naust og buer som eingong stod der, er det att berre tre.

For dei gamle, som i sin ungdom var med i livet og kanskje drøymde om framgang og rikare vokster, er det tungt å gå på dei gamle toftene ved Holandssjøen. Dei tykkjer den nye tida med si omlegging og nyskaping har rana vekk noko av hugnaden og poesien i livet Den vene nordlandsbåten måtte vika for den plumpe listringen. Og no kjem motoren med bank og bulder og jagar vekk den siste rest av fred og poesi over sjølivet.

Men kem veit? Kanskje det atter kan veksa fram liv og verksemd større og rikare enn dei gamle drøymde om, på dei gamle toftene.

(Publisert: 30. jan 2004)

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland