www.drevja.com Hovedside Ti. 30. mai 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Smalburem
28.10.2006 11:17
Hovedside >

Kilde: Drevja-boka, av Gunnar Holand
(Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948)

Den første vi veit om av brukarane på Smalburem heite Erik. Dei fortel at han som tok opp Smalburem og bygde seg hus der, hadde med seg ein saubog til mat då han bygde. Denne bogen, som han hadde gøymt i skogen, kom bort under arbeidet. Han var kanskje stolen. - Dette skulle så ha gitt grunn til namnet Smalbogrem, som så sidan har vorte til Smalburem.

Han er best kjend under namnet Rem-Erik. Han var gift med ei Karen Larsdotter frå Hemnes, og budde på Smalburem kring 1750. Dei hadde 7 born. Karen do i 1790. Om Rem-Erik går det mange segner og sogor.

Det ser ut til, at ætta hans har budd på garden fram til 1800- talet. Etter Erik kjem det ein Nils Eriksson. Og etter Nils kjem ein Anders Olsson, som kanskje har vorte gift med dotter hans Nils Eriksson.

Så kjem Ola Andersson. Kona hans heiter Beret, - Rem-Beret som ho mest vart kalla. Beret var kjent som signe-kjerring. Ho vart mykje søkt når nokon vart sjuk på ein måte dei trudde hadde sitt opphav frå underjordiske eller hybiske.

Ola Andersson var frå Auna i Opplandsbygda. Han levde fram til 1890.

Dotter hans, Kari, vart så gift med Lars Henriksson frå Blåfjell. Han hadde garden ei tid. Men han armodast frå garden.

Kring 1890 kom så Ole Hyttebakk dit. Han kjøpte Smalburem av Angellske Stiftelser. Ole Hyttebakk var frå Gudbrandsdalen. Han vart gift med Marit Klemmetsdotter, ei søster til Ole Klemmentsen. (Ole Klemmentsen var ordførar i Vefsn i mange år).

Smalburem var den gongen ein av dei beste skoggardane i Drevja, og Hyttebakk har selt mykje skog.

Sønene, Birger og Ingvald, bytta jorda mellom seg. Men Ingvald som hadde hovudbruket, selde parten sin til Karl Rosvoll (og Anna f. Sørstad) kring 1920. Karl Rosvoll har garden enno (1945).

I slutten av føre hundreåret var familie-tilhøva på Smalburem noko flokåt.

Ola Andersson hadde ei søster som heite Marta. Ho hadde to born utan å vera gift - ein gut og ei gjenta. Guten heite Ivar, og gjenta Ane. Far til desse to borna heite Ivar. Han var son til den kjente Dal-Milla frå Blåfjelldal. (Ane Ivarsdotter var noko små av seg. Ho do kring 1938 over 90 år.)

Ei tid etter at Marta hadde fått dotra Ane, kom det ein gudbrandsdaling rekande oppigjenom Drevja. Mannen heite Ola - med tilnamnet Skinnbrok-Ola. Han gav seg i lag med Marta, og det vart lyst for dei i kjerka, men lengre kom det ikkje.

Han Ola var ikkje vakker å sjå til. Han var blind på det eine auga og hadde mange arr i ansiktet etter slag og knivstikk. Han var uærleg og hadde visst vore på tukthuset to gonger. Desse to - Ola og Marta - levde no i lag som ektefolk. Dei onna i utmarka og hadde både geiter og sauer.

Skinn brok-Ola var som ein fagmann i å grøfta og leggja opp nyland. Dei bruka berre spade og hakka den gongen.

Ein gong var han på Holand hos Nils Andreas Nilsson og la opp land, og då fekk han høve til å stela ein fell og nokre fellskinn. Han vart dømt og straffa for dette.

Ola Nilsson Holand, som eg har snakka med om dette, seier han minnest Skinnbrok-Ola. Han stal ikkje fellen og skinna den gongen han var der i arbeid. Men han fekk då greide på kor skinna var, og kor det høvde til med lås og stengsel.

Det var om vinteren han stal. Det som hjalp dei å finna tjuven, var vegen etter han. Det hadde snøa litt om natta. Han hadde bore fellen og skinna i Voll-lada, og der hadde han grave dei ned i høyet. Han hadde grave dei så djupt at dei som heldt på og leita, så ner hadde gitt opp heile leitinga. Han hadde ikkje grave ned alt. Nokre skinn hadde han teke med seg til Per Hallvardsson Lindset-fallet. Der låg han om natta. Ola Nilsson seier det var Hans N. Holand som stod for etterforskinga.

Det måtte soleis vera anten i 1861 eller 62, for i dei åra var Hans N. Holand dreng hos C. M. Havig.

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland