www.drevja.com Hovedside Ti. 30. mai 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Sjoppar-Ane
30.10.2006 17:58
Hovedside >
Gunnar Holand skriv om Sjoppar-Ane i Drevjaboka som kom ut i 1948.

- Eg minnest at ho Marit Jakobsdotter som var holdsenkja på Holand, prata om ein Sjoppar-Anders. Men eg fekk ikkje noko greie på kva namnet kom av eller kvar mannen var ifrå.

Sidan har eg fått greide på at Anders fekk namnet etter mor si. Ho vart kalla Sjoppar-Ane. Anders var ein lausunge. Han vart fødd kring 1765. Mora tente ei tid hos Nils Jonsson på Straumsmoen.

Det var ikkje somarfjøs på gardane den gong - berre grindar. - Og det måtte støtt vera vakt om natta.

Den som låg i grindane hadde alltid gardshunden med.

Ei natt skulle Ane vera vakt for buskapen. Men hunden hadde reist frå henne og ho hadde vel sovna. - Og så kom bjørnen.

Det var ein heil huslyd - bamsen sjølv og bingsa med to ungar.

På Straumsmoen hadde dei heile buskapen i same grindane. Men det var avdelt eit rom for sauene. Det ser ut til at bjørnen har havt mest hug på sauekjøt. Han drap fjorten sauer før han fekk nok.

Bingsa og ungane hadde vel hjelpt til med å draga fengda vekk, for dei fann sauene bortpå eit nes mange hundre meter frå grindane. Der hadde bjørnen grave dei ned.

Neset kallar dei Bjønn-neset den dag i dag.

Det er rimeleg at ei slik stor ulukka vart samtale-emne i heile bygda. Det gjekk sjølvsagt mest utover henne som ikkje hadde vakta kretura beire.

Då dei spurde om ho ikkje høyrde skrik og rauting frå buskapen, svara ho at ho høyrde ein gong det "sjoppa", meir høyrde ho 'kje.

Og av det skulle sp utnamnet Sjoppar-ane koma. Og namnet vart hengande på sonen - Sjoppar-Anders.

Som ein ser, kan eit namn eller utnamn ha sitt opphav frå ømse hendingar. - (Å sjoppa uti seier dei her om å trø eller detta uti vatnet eller dya. - Han for (datt) uti så det sjoppa etter! seier dei).

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland