www.drevja.com Hovedside Ma. 25. sep. 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Røsdalsmordet
30.10.2006 14:13
Hovedside >

Kilde: Reidar Svare i Far etter Fedrane

Etter det ein veit var det i mars 1670 (Svare skriv 1730) denne ugjerninga bar til. Røsdalen er ein einbølt fjellgard. Den gongen dette bar til var det eit hovudbruk og eit husmannssete. På hovudbruket var det unge folk. Dei hadde nett fått første barnet sitt, det låg i vogga. Og så hadde dei ein gjetar-glunt. Andre folk var det ikkje på garden.

Husmannen og kona hans var litt oppi åra. Dei var barnlause. Husmannsfolket la seg ut med oppsetaren. Det vart til uvenskap og hat. Og då det hadde gått ei tid, fall den tanken dei inn at dei skulle rydja oppsetar-folket av vegen, så dei sjølve kunne koma til arden. Dei skulle få det så mykje betre då, trudde dei. Og så klekte ei ut mordplanane sine. Dei ville koma dått på husbondsfolket om natta og drepa dei, og så ville dei setja elden på husa så det kunne sjå ut til eldsvåde.

Dei valde ei mørk vinternatt til ugjerninga. Husmannen hadde væpna seg med ei øks, men det er ikkje sagt noko om kva kona hadde til handøvle. Men det seier alle, at det var kona som stegla mannen opp og fekk sett udåden i verk.

Dei kom seg inn i stua og gauv på husbondsfolket med hogg og slag før dei vakna og fekk sett seg til motverje. Det gjekk snøgt å få livet av dei.

Husmannen vende seg så mot vogga og skulle gjera det av med barnet. Det hadde vakna av ståket og låg og smilte mot mannen då han skulle slå til det med øksa. Det stakk han i hjarta, og øksa datt itur hendene hans. Han stokk attende for ugjerninga han var i fard med å gjera. Kona kom og såg kor redsla og angeren heldt på å taka modet ifrå han. Men ho var illsint og hard nok, ho skolv ikkje på handa. Ho skuva mannen tilsides, greip barnet i føtene og daska det med hovudet mot veggen.
No var det berre gjetar-glunten att. Han låg på stu-loftet. Han hadde og vakna av ståket i stua, og han skjøna straks kva det var som gjekk føre seg. Han gav seg ikkje tid til å kle på seg. I berre skjorta han låg i hoppa han ut gjenom loftsglaset og la på spronget ned gjenom Røsdalen. Den garden som ligg mest næmunt til, er Gamarka. Dit er det omlag fire kilometer.

Husmannen såg glunten med det same han hoppa ut, og sprang etter og skulle ta han. Men glunten fekk føremon, og husmannen greip i farten ein sle'-meie og kasta etter han. Han ville gi han eit råmhogg så han vart ufør å fly. Men han råka ikkje. Og no vart det ei kappspringing ned-gjenom Røsdalen, glunten føre, berrføtt og naken, og husmannen etter.

Husmannen stelt kje standa kar med glunten, han vart lenger og lenger etter. Nedst i Røsdala var det mølnhus, og då glunten nådde dit, var han så avtevla at han greidde ikkje meir. Møln-trørne var gjorde av heilo, av uthola stokkar. Dei var overdekte med snø og is, men opne inni. Glunten hadde då så stor føremon at han såg ikkje husmannen, og i all hast smaug han ned i troa, inn punn isen. Men husmannen var ikkje langt etter. Glunten hadde ikkje før fått gøymt seg, så var han der. Han gav seg til å leita og løska alle stader både inne i mølnhusa og ute. Han hadde ein piggstav i handa han stakk med. Og han for ikkje stilt.

- E sir de nok, kom bære fram! sa han. Og så stakk han etter skuggane inn punn mølnhusa med piggstaven. Slik heldt han på ei stund og leita og ringrydde, men då alt dette var fåfengt, trudde han glunten var sprungen åt Gamarkj'en i eit tan. Og så tok han faltlinga for seg lenger ned-i-gjenom dalen. Han ville sjå om det ikkje enno skulle vera råd å nå att glunten.

Da glunten skjøna husmannen var faren sin kos, kraup han fram tur gøymsla si, og tok ein snåpanveg han visste om. Og så rapp var han på foten at han kom til gards før husmannen.
Kona i Gamarkj'en var åleine heime. Ho var oppe i otta og dreiv og stelte med eitkvart attmed gruva då glunten kom hesblesande inn-i-gjenom døra. Han fekk i ein fart fortalt kona korleis det hang saman, og bad henne om hjelp til å få gøymt seg så ikkje husmannen fann han. Kona var snartenkt, sette seg på ein krakk attned gruva og bad glunten krypa inn punn den vide stakkjen hennes.

Han var berre så vidt komen seg i skjul på denne litt uvanlege måten, så kom husmannen i Røsdala stormande inn gjenom døra. Andpusten og forkava gav han seg til å fortelja om kva stor ulykke som hadde bore til i Røsdala. Det hadde teke elden i husa, og husbondsfolket hadde brunne inne. Den einaste han trudde kom seg ut, var gjetarglunten. Og han ville no vita om ikkje han var komen ditet.

Kona svara at ho hadde ikkje set noko til glunten. Og då husmannen såg ut til å tvila litt på dette, bad ho han sjølv sjå etter. Husmannen leita då huset rundt, og då han ikkje fann glunten, gav han opp.

Gamark-kona la merke til at husmannen var blodåt på kleda, og la det med han.
- Dæ va bære e så slaktæ ein kalv i går, svara husmannen, og så tok han på heimvegen.
Husmannskona hadde gjort som dei var omsnakka, ho hadde sett elden på husa medan mannen var borte. Det var no berre glohaugen att.

At gjetar-glunten berga seg, gjorde at denne fæle ugjerninga rart oppklåra straks. Husmannsfolket vart sette i arrest, og sidan dømde til å lata livet med halshogging.

Husmannen tilstod udåden, men kjeringa hans blånekta til det iste. Dei brende brystvortene av henne med gloande jarn for å få ho til å tilstå, men ho heldt seg hard og nekta. Ein gong bad ho om å få tala med mann sin. Det fekk ho lov til. Ho bøygde seg bort åt mannen og lest som ho ville kviskra han eitkvart i øyra. Men i staden glekste ho etter øyra og ville bita han. Ho ville hemna seg på han fordi han hadde tilstade ugjerninga.

Og nett føre avrettinga bad ho om, det var hennes siste ønske, at ho måtte få kyssa gjetarglunten. Men det kunne lett gått gale. Då glunten kom så nær at ho nådde i han, hekste ho etter nasen hans.
Så hardt sat sinnet og hemnhugen i ho!

Protokollen om rettargangen mot Røsdals-mordarane må vera bortkomen. Det er likt til at han ikkje er å finna i arkiva. Vi har derfor ikkje anna å halda oss til enn fråsegnene som har levt på folketunga. Men når det gjeld dette mordet, er det lite vingling i tradisjonen. På eit punkt er det litt tvil. Some seier det var til Honggarden gjetar-glunten kom, ikkje til Gamarka.

Det går elles segn om at Røsdalsmordarane hadde gjort seg skuldige i andre brotverk og. Dei hadde gjort innbrot og stole mange stader, og tjuvgodset hadde dei gøymt i ei ord i Øyfjellet. Men det er så mange segner om tjuvar og røvarar som har gøymt tjuv-godset sitt i Øyfjellet, at det kan så lett vera ei forveksling.

At det vart mykje spøyk på Baustein, kan ingen undrast på. Og det var nok vanleg at folk let vera å fara vegen over Baustein etter det hadde avdagast.

Tillegg:
Hans Midbøe: Petter Dass (1947)
I året 1670, like etter at Petter Dass var kommet hjem fra København, skjedde der et uhyggelig drap inne i Røsdal i Vefsn. Ifølge sagnet overfalt en del av beboerne sine naboer en vinternatt og drepte dem alle, til og med spebarnet som en av kvinnene skal ha tatt ved benene og slengt i veggen; bare gjetergutten kom seg unna ved å springe ut gjennom en loftsglugge og gjemme seg, inntil han neste morgen kunne få tilkalt hjelp; de skyldige ble da henrettet på Baustein. At dette drapet har gjort inntrykk på Petter Dass, viser en gammel diktfortegnelse, som også kan fortelle at han i året 1670 diktet en vise om

"det Mord, som skede i Vefsn".

Hvorledes dette dikt har sett ut, er det ingen som vet, men det er vel sannsynlig at det har hatt enkelte fellestrekk med den senere visen om Iver Skonseng.

12.05.04 

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland