www.drevja.com Hovedside Fre 8. aug 2008
Meny

Drevja Idrettslag
Granmoen skole
Guro og Lotte
Verktøysmia
Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Elgsio
Helgeland av G.v.Rijkom
VM - sjøørretfiske
Vidars fisketips
Oladalens venner

Perjordhesten og draugen
04.11.2006 21:57
Hovedside >

På Perjord i Drevja budde ein gong i tida ein mann, som heitte Per, men som folk der vanleg kalla Pe. Då denne Pe var ein stor og sterk og uredd kar, så kalla dei han ofte for Pejordhesten (Dialekt for "Perjordhesten").

Ein gong i Lofoten kom han til å fornærma ein draug. Han skulle ein kveld gå ned i fjøra og banka av vottane sine. Det låg ein stein så høveleg til, og så tok han og banka vottane av på han. Men denne steinen var ikkje noko anna enn ein draug. Sidan fór draugen etter han. Men han greidde seg då fisket ut, og kom seg velberga heim til Drevja. Trygg kjende han seg ikkje, og det skulle visa seg at han hadde årsak til otte og.

Ein kveld Per låg åleine ute i bua heime, kom draugen. Den tida det ingen veg var opp Drevja, hadde dei buer nede ved sjøen, og i desse kunne dei liggja, om dei hadde eit ærend så det vart høvande så. Det var i ei slik bu Per låg, då draugen kom.

Per låg på senga og venta seg ingen fare då nett. Sterk var Per, men draugen var sterkare. Per vart riven or senga og ut gjennom døra bar det, endå alt det Per streta imot. Men Per var handfast han og, han fekk tak i dørkledningane, og både dei og dørkistene og heile rabbet vart med ut. Og det var det som berga Per. Komen ut på fri mark, hadde han enno noko av dørkista i eine handa. Han fekk rive seg laus så mykje at han fekk gjeva draugen eit dugeleg slag. Redd var Per, og så hardt slo han, at draugen stupte og reiste seg ikkje meir. Per gjekk inn att, men då han om morgenen skulle ut og sjå etter, så låg det berre ein slimflekk der draugen fall. Det såg ut som ein sjøkalv (manet), men det var så stort som eit halvt hestelass.

Tilbake

Historielinker
Astrid Langjord
Digitalarkivet
Dønna bibliotek
Grims traktormuseum
Halsøy songkor 
Haustreisa i Grane
Historiske kilder
Kjell Jacobsens tekster
Lurøy historie
Mosjøen orkesterforening
Musikklivet i Mosjøen
Nils Skandfer
Ove Larsen-polsdans
Tiendebytte
Vefsn Jeger og Fisk
 

web: info helgeland