www.drevja.com Hovedside Ti. 25. juli 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Mordet på Straum
30.10.2006 14:09
Hovedside >

av Reidar Svare i Far etter Fedrane

Knut Andersson heite ein mann på Straum i Drevjen. Han byksla ein gardpart Jørgen Sverdrup på Nord-Herøy åtte. Knut kom seg til denne garden på den måten at han gifta seg med enkja etter førre brukaren. Enkja var noko opp i åra og hadde ei vakse dotter då ho gifta seg oppatt. Dotra heite Marit Jonsdotter (Jonsde). Ho var trulova med ein Arn Pedersson.

Men han Knut Andersson fekk slik mon i tausa, og ville forføra ho. Marit stod imot og avviste han, og for det vart han styrlaus av sinne og svartsykje. Det var i slåttonna somaren 1718. Dei var ute og køyrde høy, og no nytta han høvet og stakk ho i hel med tolkniven.

Ugjerninga hans kom snart for ein dag, og lensmannen kom og la han i jarn og førde han til arresten på Rynes. Der sat han til det vart sett rett over han den 29. november 1719.

På spørsmål i retten om korleis han kunne få seg til å gjera noko så ukristeleg, svara han, at det var satan som hadde freista han. Grunnen til ugjerninga var, sa han, at dei hadde sett ut det ordet om han at han hadde levt i synd og utukt med stukdotra si. Men det visste han var klinke klåre løgna; og anna med det, så var Marit trulova med ein annan. I harmen over folksnakket var det at den fæle tanken slo ned i han at han skulle drepa tausa.

Men etter han Arn Pedersson, kjæresten hennes Marit, hadde bore fram sitt vitneprov, vedgjekk han Knut rette grunnen til mordet. Når ikkje han sjølv kunne få ho, så skulle ho heller ikkje bli kona til nokon annan. Derfor sette han seg føre å drepa henne. Han undskylda seg elles med at hans eiga kone var så gamel og avfeldig.

Aktor i saka var ein Jens Jensen, og lensmann Jørgen Nilsson Agersborg var forsvarar. Saka var grei, og det tok ikkje retten lang tid å få avsagt domen:

Efter Delinqventens egen Tilstaaelse, befindes han at have begaaet forsetlig Mord paa sin Stifdatter, afg. Marith Joensdatter, der af ham ere myrdet ved Knivsting. Til Straf for saadan hans begangne ukristelige Mord kiendes for Ret:
At han bør udstaae exemplarisk Straf som saaledes ved Executionen udføres: At hans Høire Haand afhugges ham i levende Live, siden Hovedet. Hovedet og Haanden sættes paa Stager til Erindring, Afskye og Forskrækkelse for ligesindede udædiske Mennesker. Det øvrige af Kroppen begraves paa Retterstedet."

Lagmannen stadfesta domen, og avrettinga bar til den 21. januar 1720 på Baustein. Jørgen Sverdrup, futen Mathisen, lensmann Agersborg, prosten Anders Dass og mange andre var til stades. Presten Ole Broch trøsta den dødsdømde i hans siste stund. Etter livrettinga vart liket lagt i ei kiste og grave ned i ei myrhole nedanfor Baustein. Prosten og klokkaren song over liket: "Nu lade vi hannem sove i Fred".

2. mai 04 

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland