www.drevja.com Hovedside Ti. 30. mai 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Kvanndalen
28.10.2006 00:04
Hovedside >

Helgetur til KvanndalenKvanndalNilslifjellet | Kvanndalsgården |

No er folket flytt frå Kvanndalen. Garden er borte. Dette skreiv Reidar Svare i en artikkel som sto i Helgeland Arbeiderblad i 1972. Heile artikkelen hans følger nedenfor, slik som han skreiv den.

Dette er ein av dei mange utkantgardane som ikkje gir det økonomiske utbyttet som krevst i vår tid. Men det er likevel ein nokså gamal gard. Han må vera opptatt rundt 1680. Før den tida nytta øygardane (Øyen-gårdene) Kvanndalen til seter. Første gongen eg finn Kvanndalen nemnt i dei papira eg har for handa, er i folketellinga frå 1701. Bruket blir då kalla "Rudnings-Platz". Brukaren heiter Olle Tostens.

Viser her eit bilete som sto i H.A. for eit år siden (11.12.-1971).

Det sto som illustrasjon til eit stykke eg kalla " Kornlåven og den gamle garden."
Den gongen hadde eg ingen opplysningar om biletet. Det same var tilfelle med dei eg fekk det av. Men det er eit godt og interessant bilete. Ein legg særleg merke til låven midt på biletet. Nett slik såg dei gamle låvane i Vefsn ut. Steinfjøsen ved sida av er litt uvanleg til her i Vefsn å vera. Slike fjøsar var det få av.

Det var derfor ønskeleg å få greie på kvar biletet skreiv seg ifrå. Og det fekk eg fort. Det var Kvanndalen. Det var det mange som visste. Og folket på biletet var det heller ikkje vanskeleg å få greie på. Det viste seg og at biletet var tatt i 1914.

Først folket. Dei er sett frå høgre:
1. Johan Andersen /Kvanndal, d. ca. 1942. 85 år gamal. 2. Kona hans. Olianna Bentsdtr., d. ca. 1943. 3. Nils Hagfors. 4. Kona hans. Emma, f. Øien. 5:Normann Øien (bror til Emma).
Nils Hagfors reiste til Amerika i 1914. Han var heime ein tur i 1914, og 1918. Det må vera då at biletet vart tatt.

Litt historikk om Kvanndalen
No er folket flytt frå Kvanndalen. Garden er borte. Dette er ein av dei mange utkantgardane som ikkje gir det økonomiske utbyttet som krevst i vår tid. Men det er likevel ein nokså gamal gard. Han må vera opptatt rundt 1680. Før den tida nytta øygardane Kvanndalen til seter. Første gongen eg finn Kvanndalen nemnt i dei papira eg har for handa, er i folketellinga frå 1701. Bruket blir då kalla " Rudnings-Platz". Brukaren heiter Olle Tostens, 53 år. Han har ein son, Tosten, 4 år. Så er der ein inderst. Joen Nielss, 45 år. Folk av kvinnekjønn er ikkje tatt med i denne tellinga.

Det er grunn til å tru at Ol' Torsteinsso var første brukaren i Kvanndalen. Den første tida er han for husmann å rekna. Men i 1723 kom Kvanndalen med i matrikkelen og fekk eige gardsnummer og vart sett i skyld, 9 mark fiskeleige. Denne skylda svarar til vel eit kilo tørfisk. Det var leiga jorddrotten skulle ha for garden.

Til samanlikning kan vi nemna at mange av dei utkantgardane som kom med i matrikkelen på denne tida, vart sett i 6 mark fiskeleige. Det var minste skylda nokon gard i Vefsn vart sett i. Det var gardar som Bjørnvollen, Skjørleita, Stordalen, Øvre og nedre Svenningdal og mange, mange fleire, Øvre Svenningdal vart sidan delt i to, og då fekk dei ei skyld på 3 mark kvar.

Folketalet auka mykje i Vefsn på seksten-syttenhundretalet. Petter Dass sa: alt for mykje. Etter å ha delt opp dei gamle gardane nede i bygda i alt for småe bruk, vart overskotet av folk tvinga oppigjennom fjelldalane og langt ut i avskjeklene.

Dei sette seg ned mange stader der vi i dag ikkje kan forstå at folk kunne livberga seg. Men det er mykje folk må ta til takke med når nøda går på. Snakk 'kje om det!

Folket og garden i 1865
Det ser ut til å ha budd folk fast i Kvanndalen heilt fram til vår tid. Men å setta opp ei fullstendig liste over brukarane har eg ikkje materiale til. Vi hoppar derfor fram til 1865 og ser kva vi då finn av opplysningar om Kvanndalen. Det året har vi både ei fullstendig folketelling og ein detaljert omtale av alle gardane i bygda, utført av den kommisjonen som førebudde ein ny matrikkel.

Brukaren i Kvanndalen i 1865 heitte Peter Nyqvist, 31 år, svenske. Var gift med Nikolina Guldbrandsdtr., 28 år, f. i Lands prestegjeld. Dei har tre born, 6, 4 og 2 år.

Foreldra til Nikolina, Guldbrand Nilsen, 58 år og Agneta Johannesdtr., 61 år, begge to frå Land, bur på garden. Dei har 5 ugifte born heime hos seg. Det var såleis i alt 12 menneske på garden.

Om garden dei skulle livberga seg på, er å seia..
Av oppdyrka åkerland var der 5,5 mål bakkåt sandjord. Naturleg england er sett til 20 mål. Bratt og med mykje stein. Hamninga er god, nok til 12 kyr. Skog nok til ved og never. Nesten fritt for bygningsmaterialer.

Utsad
3 våger bygg (ca. 54 kg.) og 3 tynner potetes. Det er ingenting sagt om kornavlinga, men dei fekk 20 tynner potetes.
Husdyr: hest, 5 storfe, sauer og 4 geiter.

Det heiter elles om garden at "Avlingen af Korn bliver ofte ikke moden. Potetes lykkes derimod gjerne hvert Aar."

Her legg eg til at Guldbrand og sonene hans, var mykje opptatt med skogsarbeid. Dei hadde mellom anna drifter i Sørvassdalen den tid Engelskbruket dreiv (1867-85).

Ein Sivert Guldbrandsen, truleg son til Guldbrand Nilsen, vart brukar i Kvanndalen. Dei seier at det var han som bygde steinfjøsen vi ser på biletet. Når det var så lite med tømmer i Kvanndalen, fann han vel ut at det var like greitt å mura seg steinfjøs.

Eigedomstilhøva
Kvanndalen hørte frå gamalt til den delen av Vefsn-ålmenningen, som Bech'ane i Kulstadsjøen var eigar av. Gjekk over til sorenskrivar Alexander Holst, Belsvåg ca. 1811. Var med i det godset Engelsbruket kjøpte av Holst'ane i 1865.

Kva tid brukarane i Kvanndalen kjøpte garden, veit eg ikkje visst, men brukaren i 1875, Johan Gotfred Sivertsen, er kalla sjølveigar.

Ein gong rundt hundrårsskiftet (i 1892), vart Johan Andersen Kvanndal (han vi ser på biletet) eigar av Kvanndalen. Sidan, ca. 1905. kjøper han garden Fredlund på Øya av Jørgen Holt, Mosjøen. Kvanndalen nytta han så til seter fram til 1916. Då flytte son hans, Bernhard til Kvanndalen, (i 1915), og vart brukar der. Men alt i 1918 selde han Stor-Kvanndalen til redaktør Jon Try. Dette nye bruket fekk det gamle namnet Setermoen. Sidan, ca. 1924 (1925), selde Bernhard resten av Kvanndalen til Try.

Rundt 1930 greidde ikkje Try å sitta med Kvanndalen lenger. Konrad Kristiansen Fredlund frå Olengåsen i Marka, gift med dotter til Johan Andersen Kvanndal, kjøpte så Kvanndalen. Etter det kom det ingen brukar til Kvanndalen meir. Dei bruka Kvanndalen som seter og slåttland til etter siste krigen. Sidan har det vore sauhamn. No er Kåre Fredlund eigar. (Kåre Fredlund døde i 1986).

Komponisten Johan Kvandal
Før eg sluttar denne omtalen av garden Kvanndal, kan det vera av interesse å nemna at komponisten Johan Kvandal har namnet sitt der ifrå.

Det har seg slik. Brukaren i Kvanndalen i 1830-40 åra heitte Johannes Olsso. Han hadde ein son. Johan Jakob Johannessen (1830-1911). Han var glasmakar, busett i Mosjøen. Var mykje med i offentleg styr og stell. Ein av sonene hans, Mikal Johansen, var forretningsmann i Mosjøen.
Kona hans var fødd Barth (dotter til fogden Barth). Dei hadde, sonene David Monrad Johansen, komponisten, og Harald Barth, kjøpmann i Mosjøen. Son til David Monrad Johansen har tatt namnet Kvandal. Det er namnet oldefar hans hadde retten til.

Så no veit lesarane kvar komponist Johan Kvandal har namnet sitt ifrå. Han er i slekt med storparten av folket i Vefsn.

TILLEGG
Nedanfor ser vi eit meir detaljert bilete som syner personane på bilete over.
Dei er sett frå høgre:
1. Johan Andersen /Kvanndal, d. ca. 1942. 85 år gamal. 2. Kona hans. Olianna Bentsdtr., d. ca. 1943. 3. Nils Hagfors. 4. Kona hans. Emma, f. Øien. 5:Normann Øien (bror til Emma).

I folketellinga frå 1900 går det fram at de bur 10 personar i Kvanndalen, klikk her for 1900-tellinga... 

Bosetting i Kvanndalen 1900
Johan Anderssen, gårdbruger (selveier), f. 1857
Olianne Bendiktsdtr. gårdmandskone f. 1860
Bernhard Johansen, gårdsdreng f. 1884
Peter Johansen, sønn, f. 1896
Julianne Johansdtr. tjenestepige f. 1881
Aasa Johansdtr. datter f. 1886
Petra Johansdtr. datter f. 1889
Ragna Johansdtr. datter f. 1891
Aminda Johansdtr. datter f. 1896
Olaug Johansdtr. datter f. 08.07.1899

Bosetning i Kvanndalen i 1875
Johan Godfrid Sivertsen Gaardbruger Selveier f. 1853 i Grong Prestegjeld
Grede Anna Andersdatter Kone f. 1854 Vefsen Prestegjeld
Anna Matilde Johansdatter datter, f. 1875 Vefsen Prestegjeld
Berith Nekolaisdatter, Tjenestepige f. 1830 Vefsen Prestegjeld
Marselius Jørgen Kalssen f. 1868 Vefsen Prestegjeld

Bosetning i Kvanndalen i 1865
Peter Nykvist, Husfader, Leilending g 31 år, f i Sverige
Nikoline Gudbrandsd. hans Kone g 28 år, f. i Lands Præstegjeld
Augustinus Nykvist, deres sønn, 6 år, f. i Lands Præstegjeld
Karolius Nykvist, deres Søn 4 år, f. i Vefsens Præstegjeld
Pauline Nykvist deres Datter ug 2 Vefsens Præstegjeld
Gudbrand Nilss. Føderaadsmand g 58 år, f. i Lands Præstegjeld
Agneta Johannesd. hans Kone g 61 år, Lands Præstegjeld
Ole Gudbrands. deres Søn ug 24 år, Lands Præstegjeld
Alita Gudbrands. deres Datter ug 29 år, Lands Præstegjeld
Inger Gudbrands. deres Datter ug 19 år, Lands Præstegjeld
Julianna Olsd. deres Datter ug 16 år, Vefsens Præstegjeld
Gustav Gudbrands. deres Søn ug 9 år, Lands Præstegjeld

Kilde: Reidar Svare

Lagt ut på drevja.com: 27. sept. 04

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland