www.drevja.com Hovedside Ma. 24. april 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Jul i gamle dagar
18.12.2009 23:02
Hovedside >
Jula har alle tider vore den store høgtid. Heile adventa stræva dei seint og tidleg for å få ei hugnadsam jul. Julenytt måtte alle få - om det ikkje var anna enn luggar eller vottar. Gjentone hadde jul-kallar. Far fortalde det var vanleg skikk at gjentone gav jul- kallen sin eit nøsta tråd. Og det var både ei praktisk og nyttig gåva. Det er fortald om Øygards-Jo at han hadde så mange jul-kjerringar at han fekk nok tråd til å veva ei vid-lerreds-brok.

Til julan brygga dei øl, og til julan baka dei kamkaka og krina- lefsa og alt det beste dei visste. I gamle dagar breidde dei halm på golvet jul-aften, men den skikken vart det slutt med kring 1840. Det vart truleg gjort for å halda golvet reint, så dei kunne sleppa å vaska seint på jul-aften. Halmen sopa dei ut om kvelden. Bar hadde dei på golvet langt fram i mi tid, og some, som ikkje har måla golv, brukar det enno.

Juledagsmorgon stod dei opp klokka fem, og husbonden gjekk då rundt med flaska og skjenkte tenarskapet. Det første eg kan minnast, heldt dei støtt kor, før dei åt frukost. Maten vart bytt på bordet. Og det dei ikkje åt, fekk dei ta med seg og gøyma. Denne skikken heldt seg til kring 1900-års-skiftet.

I jula vitja skyldfolk og frendar einannan. Mange heldt bryllåp i jula, og juledansar var det mange av. Ein skikk det no er slutt på, var jul-spela. Dei var i grunnen laga for ungane, men vakse-folket var og med og hjelpte til.

Eg minnest Maren Gurina var serleg flink til å laga jul-spel, og få det løyleg. Ho vart nytta til ein slags seremonimeister i alle jul-spela her ikring. Ho "selde oks-kjøt og lerret", og ho gifta dei som "fria på narri". Og ho song som ein liten klokkar når ho lyste og gifta. Under desse aktene måtte dei ikkje flira. Men kunne dei ikkje berga seg, vart dei lagt traute. Det vil seia, dei måtte gjera noko dei vart tilsett av seremonimeisteren eller andre, Det vart støtt stor jubel, når "vålepus" kom inn. Vålepus var utstyrt med stort skjegg og uvanlege klede - ofte grotesk og usømeleg. Men det var det ingen som tok seg nær av.

Desse jul-spela vart det slutt med kring hundreårskiftet. Det vart då skikk å laga juletrefestar, der læraren eller lærarinna tok seg av stellet. Og dei gamle leikane vart det då slutt på.
Før i tida heldt dei juledansane i bondestuone, og dei gamle var med i laget like så mykje som ungdomen. Far fortalde at i hans ungtid var det sjeldan å sjå ein ungdom rusan. Men gamlingane som kom til dansen, vart jamt traktert av husbonden med heim-brygga øl og dram. Dei dansa og trøydde som ungdomar, og dei var ofte litt på ein kant.

Etter det vart skipa ungdomslag, og dei fekk seg eigne hus, vart julefestane og juledansane haldne i ungdomshusa. Og der var det ungdomen som rådde, og storparten av dei eldre vart ikkje med. Og når ein veit at ungdomane ofte er kåte og mindre omtenkte, gjekk det some tider for vilt til på desse dansane. Det vart såleis til skade for ungdomen at ikkje dei eldre var med.
Det var mykje overtru frå heidne tider, som vart blanda inn i dei gamle juleskikkane. - Ein måtte ikkje vera seint ute juleaften. Glaslukane måtte ein slå føre tidleg, og slett ikkje glytta gjenom glaset, om det var hol eller revor i lukane. Juleaften trudde dei alle vonde ånder var ute. Fekk ein sjå dei gjenom eit hol i glaset eller døra, vart ein framsynt. - Det vil seia, ein måtte sjå og kanskje fylgja åndene i framtida.

Julenatta kunne ein spå på ømse måtar. - Lofotfisket stunda då til, og folket ville gjerne vita om det vart godt fiske, - og kvar fisken ville stana - i Aust- eller i Vest-Lofoten. Det fekk dei greide på ved å slå vatn i ei skål det var litt sagmask i. På kanten av skåla var det sett merke for dei viktigaste væra i Lofoten. Juledags-morgon såg dei etter, kvar meste masket hadde samla seg. - Der vart største fisket.

Juleaften måtte ein bli ferdig med alt ut-arbeid før det vart mørkt. Ved og vatn måtte ein ha inn så mykje av, at ein hadde nok første juledagen. I fjøs og stall fekk dei og merka at jula var komen. Beste høyet vart leita fram, og det vart kosta og sopa i fjøs og stall meir enn vanleg.
Småfuglane vart heller ikkje gløymde. Det vart sett opp korn- band, og den skikken har halde seg til våre dagar.

Skikken å ha juletre er ikkje gamal. Han kom hit frå Tyskland, og her i Drevja kom ikkje juletreet i bruk før kring 1870. Det var elles ikkje mykje stas på dei første juletrea. Juletrepynt i vanleg meining fanst ikkje. Til pynt laga dei rosor av farga papir. Some var reine meistrar til å få dei fine både i form og farge.

I gamle dagar var det skikk at gutane for kring i bygda og tagg julemat hos gjentone. Far fortalde at han og ein kamerat var inne på kvar gard frå Drevland til Vasshøve, og endå kom han heim då. klokka slo 12 om natta. Dei for heimanetter i 6-tida om kvelden. Det var fint skiføre, og dei ville sjå kor lang tid dei kunne greia ein slik tur på. Men vi var ikkje inne lang stunda på kvar gard, la han til.

Det var sjølvsagt ikkje skikk å slå rekordar på slike ferder, og dei fleste gav seg nok god tid når dei var inne hos gjentone.Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland