www.drevja.com Hovedside Ti. 25. juli 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Hvem eide jorda i Drevja?
30.10.2006 14:18
Hovedside >

Kilde: Drevja-boka, av Gunnar Holand (Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948)

Dei første landnåmsmennene som kom inn fjorden og busette seg på den staden dei lika best, tok sjølvsagt så mykje land de ville ha. Var dei fleire i lag - og det var dei vel oftast - sette dei merke mellom kvar garden. Men dei bygde gjerne husa i lag på same staden. Det var berre eit smog i mellom dei.

Dette gjorde dei både for at det ikkje skulle vera så einsleg, og for å kunne verja seg betre mot villdyr og røvarpakk.

- Dei som tok seg nytt land, vart odelsbønder. Dei åtte gardane sine.

Men etter kristendommen vart innførd, og Olav Haraldssons kristenrett vart lov, fekk kjerka hand om mange gardar. Dei som budde på desse gardane, vart leiglendingar. Dei måtte betala skatt til kjerka.

I kristenretten var det sett straff og bøter for visse grove synder. Desse bøtene kunne vera gardar eller gardpartar. Det gjekk til kjerka.

Ein bonde kunne og gi garden sin til kjerka friviljug. Oftast var det vel for at den katolske presten skulle lesa sjelemessa over han etter han var daud. Han kom då lettare gjenom skirselden.
Det jord godset som på denne måten kom under kjerka, kalla dei benifisert gods.

Det var i grunnen to slags kjerkegods. Størsteparten høyrde under erkebispestolen i Trondheim. Det var kalla St. Olavs gods. Men det var nokre gardar som var gitt til andre kjerkor. Innkoma av desse gardane gjekk til omvøling og vedlikehald av kjerke-husa.

Korleis det var her i Drevja før svartedauden, veit vi ingen ting om. Men at det gar lange tider før busetnaden tek seg opp att, det veit vi.

I 1536 kom den store kjerke-ombota, dei kallar reformasjonen. Pavekjerka vart avskipa. Kongen eller krone la no under seg alle dei gardane kjerka hadde ått. Dei som før hadde vore leiglendingar under kjerka, kom no under krona.

Det ser ut til at kjerka og andre jorddråttar åtte mesta all jorda i Drevja rundt 1500-talet: Drevland er den einaste garden som er nemnd som odelsgard. - Dei strok av bygda som ikkje var busett før reformasjonen, vart og lagde under krona. Dei som rydde seg heimar der vart og leiglendingar.
Dei gamle storættene på Helgeland fekk ein hard knekk under Harald Hårfagre. Då kristendomen vart innførd med tvang og makt gjekk det og utover dei bygdehøvdingane som ikkje ville bøya seg.
Men det vart då nokre storætter att på Hålogaland. Eg nemner Gidske-ætta og Bjarkøy-ætta. Desse storættene og andre ætter samla seg store rikdomar, serleg av jord. Denne samlinga av gardar vart kalla Dønnes gods. Det kom vel av det at ein av godseigarane, Peder Tønder, busette seg på Dønnes gard då han vart amtmann i Nordland i 1691.

Nest etter krongodset var Dønnes gods det største på Helge- land. I Drevja åtte det gardane Straum, Båtstrand og Almås.

I 1679 åtte Dolstad-kjerka i alt 17 gardar. Av desse var 2 i Drevja. Det var Stuvland og Granåsen. Holand hadde og ein gong høyrt til Dolstad. Men hadde truleg vorte makeskifta ifrå mot ein annan gard.

I 1567 var Straum og Kommermo øvste gardane i Drevja. Til Straum rekna dei då alle gardane på nordsida av elva.

- Danskekongane var jamt pengelause. I 1666 pantsette Fredrik den tredje heile krongodset på Helgeland til Jocum Irgens. Men Irgens kom i stor gjeld til rådmann L. M. Angell, Trondheim. Til betaling for skulda overtok Angell storparten av krongodset på Helgeland.

Dette godset - til like med Dønnes gods - skifta eigar fleire gonger i det hundreåret som etter kjem. Men ein slektning av rådmannen, Tomas Angell, erver ein part av godset. Sidan testamenterte han både det og andre eigedomar til Trondheim by.

Her i Drevja høyrde mesta alle gardane på sørsida av elva til De Angellske Stiftelser. Slik vart godset kalla. Til å styre godset vart det tilsett ein godsforvalter. Andreas Schult var den siste gods-forvaltaren. Han budde i Åsheim ved Dolstad. Kring 1900-skiftet vart gardane smått om senn selde til brukarane.

Brukarane på Stiftels-gardane hadde ikkje rådvelde over skogen. Det var tilsett skogyaktar i Drevja. Han skulle merkja det tømmeret brukarane skulle få. Elles skulle han sjå etter at det ikkje vart hogge ulovleg.

I 1880-90-åra var Hans Holand skogvaktar i Drevja. Dei gardane der det ikkje var tømmerskog nok til bygging og omvøling av husa, fekk utvist tømmer frå skog-gardane oppe i Drevja. Dei betala ikkje noko for det, men dei måtte sjøl hogga og driva det fram.

Den som ville ha noko til snikring eller anna privat bruk, måtte kjøpa det. - Men dei som budde på skog-gardane tok det ikkje så nøye med blinking og utvising. Skogvaktaren såg ikkje alt. Og dei hadde godt samvit om dei tok ei og anna gran borti skogen.

Eg nemnde at gardane vart selde kring hundreårsskiftet. Så var det. Og ein kan ikkje sei a anna enn at både pris og vilkår var rimelege. Prisen låg mellom 1500 og 3000 kronor alt etter stor- leiken. Skog-gardane vart sjølvsagt noko dyrare. Men det var mange som selde skog for meir enn dei gav for garden.

Såleis vart då bøndene i Drevja sjølveigarar, etter at dei i mange hundre år hadde vore leiglendingar under ymse jorddrottar.

18.05.04

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland