www.drevja.com Hovedside Sø. 19. nov. 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Gullgruva i Kvanndalen
28.10.2006 00:24
Hovedside >

For omlag femti år sidan, rundt hundreårs-skiftet, var det ei kone i Mosjøen som drøymde at ho hadde funne gull! Ho var på ein framund stad, drøymde ho. Det var ei ålv og ein fors, og over forsen gjekk det ei stokk-bru. Ho kom og gjekk over brua i draume, og der på andre sida var det eit berg som det skein så vakkert i. Og då ho skulle sjå etter, var det gull i berget.

Ho såg draumen så livaktig for seg, då ho vakna, - ålva, forsen, brua og berget. Men ho visste aller ho hadde vore ein stad det såg slik ut.

Kona fortalde draumen sin, og folk tala mykje om dette. Dei dreiv mykje med skjerping i denne tida, og denne gull-draumen var noko som sette fantasien i sving.

Mannen i Kvanndalen fekk og høyra om denne draumen, og kom til å tenkja på at det høvde godt med landskapet ein stad der oppe. Han for til Mosjøen og fekk kona med seg åt Kvanndalen. Og då ho kom ditet, såg ho med ein gong at alt var slik ho hadde drøymt det.

Og no drygde det ikkje lenge før skjerparane kom og sette i gang drift. Dei fekk til eit aksjelag med ein kapital på omlag sju hundre kroner. Mange av dei fremste menn i Vefsn og Mosjøen var med på dette. Dei dreiv ein heil somar med 5-6 mann. Men det vart to smått og eitt lite med gullet.
Det kom ein geolog, A. Hoel, og såg på skjerpet. Han fann ut at "gullet" var ørsmå korn av koparkis og svovlkis-krystallar.

Det var i eit marmorberg dei hadde drive.

Av slike soger som denne kan ein skjøna at trua på draumane må ha vore sterk.

Kilde: Reidar Svare: Far etter fedrane

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland