| Gullfunnet på Skaland |
![]() |
| 28.10.2006 19:44 |
| Hovedside > |
Det var først i åtti-åra, truleg i 1881-82. Jakob Nilsso på Staulan hadde ein svenske til dreng, Johan Olsson heitte han. Det var i våronna, og drengen dreiv og harva. Det var på ein åker tett nordom garden, Lundreko, dei kallar. Best det var, fekk han sjå at det sat fast ein metallring på ein av harvtindane. Han tok ringen, og straks etter fann han ein til. Han tok ringen, og straks etter fann han ein til. Det var attmed ei steinrue, dei hadde brote opp.
Johan Olsson hadde ingen tanke om at det var gull i desse ringane. Han tok dei med heim og let ungane få dei og trøya seg med.
Det lei ei tid. Så ein dag kom det ein annan svenske til Staulan. Det var Johan Nystrøm. Han hadde greie på metall, han såg med ein gong at det var gull i ringane ungane trilla med på golvet. Dei var då ikkje seine med å ta ringane og dra til Mosjøen. Dei fekk med seg ein tridje svenske, Johan Trolle, og gjekk til gullsmed Anders Abrahamsen og selde gullet. Dei fekk fire hundre kroner. Det var flust til ein fin fest.
Det var betalingsringar Johan Olsson fann. Dei veg 339,7 g, og skriv seg frå folkevandringstida, ca. år fem hundre e. Kr. Ringane er no i oldsaksamlinga.
Kilde: Vefsn Bygdebok, særbind II
Tillegg:
I 1875-tellinga er Jakob Mathias Nilssen, gårdbruker på Skaland.
Jakob Mathias Nilssen Gaardbruger, Leilænding og Fisker 1846 Vefsn |