www.drevja.com Hovedside Ti. 30. mai 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Gravskikker i Drevja
23.09.2007 17:34
Hovedside >

av Henry Almås

Ved død og begravelsar i tidlegare tider måtte alt ordnast i heimen. På nokre gardar kunne dei ha likkiste ståande ferdig, men dei fleste hadde materialar til kiste.

I gammal tid var nærmaste gravplass på Dolstad. Gravplassen på Almåsen blei først innvigd i 1867. Når nokon døde, måtte dødsfallet meldast til presten. Han var en myndig person og naut stor respekt. Det vart då gjerne slik at det var noen få som hadde det nødvendige motet til å gå til presten når dødsfall, barnedåp og liknande skulle meldes til presten. Ein slik ein var Ole Andersen på Almås.

Han var bjørnejeger og skal ha skote ca. 20 bjørnar. Når det skulle meldes om dødsfall i nabolaget, var det han som måtte i veg. Det vart fortalt at når han kom så langt at han såg fjøsen på Dolstad, tok han av seg huva og stakk ho inn i kuftebarmen. Kommen på trappa hos presten var det mykje trøing og finpussing av nasen før han endeleg tok mot til seg og banka på. Eit uunngåeleg spørsmål frå presten var dødsårsaka. Dette kunne vera vanskeleg nok å svare på. Det var lang veg til doktor, og i mange tilfelle var kanskje ikkje han heller sikker på kva som feila. Men han Ola hadde eit standardsvar i slike tilfelle: «E meine dæ va bette bære dauen.»

Som regel var det bygdesnekkarar som laga kister. Dei kom på garden, og det var eit drygt dagsverk å laga ei kiste. Nesten alle kister vart svartmåla, målinga var sot som var blanda i limvatn. Berre enkelte gonger, dersom det var nokon unge som døde, vart kista måla kvit, og målinga var då kritt blanda i limvatn.

Når nokon døde, vart det straks hengt eit kvitt laken for vindauga i rommet der den døde låg, og liket vart vaska og likkleda vart påkledd. Hendene vart knept, og haka bunden opp før liket stivna. (Det vart lagt på likstrå).

Etter nokre dagar vart liket lagt i kista. Dette vart gjort ein kveld, av husets folk og dei næraste grannene saman med liksongaren. Denne liksongaren hadde omtrent same oppgaver som presten har i dag. Av kjente liksongarar kan nemnast Ol'Olso, Almås og Mikal Jakobsen Strøm. Seinare vart oppgåva som liksongar ofte overtatt av læraren i bygda.

Liksongaren heldt andakt
Når liket vart lagt i kista, heldt liksongaren andakt, og når det var varmt i veret, vart kista sett i eit uthus. Etterpå vart det servert kaffe. Innbyding til begravelsen vart gjort av familien eller ein som vart tinga til dette. Dei som vart bedna, var næraste slekt og grannane i eit bestemt område.

Kvelden før begravelsesdagen, vart kista boren inn og sett på to skamlar i stova. Då kom dei same som var med då liket vart lagt i kista, og også slekt som budde så langt unna at dei måtte overnatta.

Liksongaren las or Bibelen og det vart mykje salmesong. Ol' Olso skal ha vore ein fargerik person, og sjeldan hag i å bannast. Han var ein gong på Hemnesmarknaden på Hemnesberget. Der stod han og selde river, trebøtter og andre trevarer han hadde laga. Då kom det ein mann og ville kjøpe eit par bøtter. No hadde han ikkje pengar på seg, og lurte på om ikkje Ola kunne bere bøttene til eit hus han peika på oppi bakken, så fikk han betalinga når han kom med bøttene. Han Ola var ikkje så sikker på det. «Når e kjem mæ bøttån, e du reist te helvedes, og så får e'kje betalinga.» Nei, mannen trudde ikkje det, han var nok presten i Hemnes, så det skulle nok gå bra. Men då nappa han Ola av seg huva og sa med stor ærefrykt og beven i stemmen: «Å, drag du han fan imot, e dæ præsten!»

Bildet viser gravferda til Nils Arntsen i 1929. Det var vanleg at både slekt, vener og grannar var med i gravferda. Etterpå bar det heim til middag, til vanleg kjøtkaker og sviskegraut. 


Etterpå var det kveldsmat, og då gjekk praten om slekt og anna, så det kunne bli seint før det vart gjort kveld.

Ei gravferd frå øvste gardane i Drevja til Dolstad kunne vera temmeleg strabasiøs. Vinters tid med is på elva og godt sledeføre kunne det gå bra, men det var ikkje alltid det. Sommars tid vart kista med liket køyrt på slede til Båtstrandmoen. Her hadde nokre av gardane naust. Så vart kista ført med båt til Holandssjøen, der dei hadde naust og større båtar. Her hadde dei lofotbåtane. Ved nausta ved Holandssjøen vart det også tid til ei lita kvilestund og ein matbit før dei rodde innover til Dolstad. Det seier seg sjøl at ei slik ferd måtte ta mange timar. Var føret dårleg, hende det at dei måtte dra heimanfrå i 3-4 tida om natta om dei skulle koma til Dolstad i rett tid. Det vart då slik at dei pårørande samla seg i heimen til den avlidne kvelden før dei skulle fara til Dolstad. Dette kalla dei kvelds- eller nattgravels. Dei som var bedne, kom i ½ 9 - 9-tida på begravelsesdagen, og konene hadde med matkorg. Kista sto i den eine sida i stova, på andre sida var det langbord. Og alle måtte til bords og få frukost. Liksongaren var alt på plass. Han bad til bords og song bordverset for kvart bordlag.

Etter at alle hadde fått frukost, var det bibellesing og salmesong til det lei så langt at begravelsesfølget skulle fare til gravplassen. Når kista vart boren ut, måtte ho berast med fotenden føre, og setjast på langvogna eller sleden med fotenden fram. Dette var viktig, ellers kunne den døde gå igjen.

Liksongaren gjekk foran kista og song ein salme, og dei var flinke til å fletta inn beskjedar i salmen. Ved eitt tilfelle vart berarane plaga då dei skulle ta kista av skamlane. Songaren såg dette og fletta inn i salmen «Fløtt på skamlam», og song vidare. På vogna framom kista var ein kasse der liksongaren og han som køyrde sat. Mange gonger kunne det vera 8-10 hestar i eit gravfølge, alt etter kor langt unna gravplassen begravelsen var.

Liksongaren song eit salmevers for kvar gard dei for framom der avlidne hadde slekt eller vener. Ol' Olso var songar i eit nattgravels oppe i bygda. Det hendte at dei brygga øl til begravelsane. Dette hadde kanskje blitt for sterkt, i alle fall fekk dei ikkje Ola vaken då det bar til å fare til Dolstad. Til slutt måtte dei oppgi å få han vaken, og tok i veg utan liksongaren. Då han Ola endeleg vakna var dei komen langt i veg. Han kom seg på hesten og rei etter dei, han hadde ikkje tid å synge for kvar gard, men stoppa på dei høgste haugane og song så det ljoma utover bygda, og då likfylgjet kom til Holandssjøen, var han Ola og der.


Hører du nokon som syng?
Det var ein dag tidleg på vinteren. Guten på 6 år er i lag med bestefaren på Åsen. Bestefar er gravar, og det er begravelse på Stuvland. Dei har stått lenge og venta på gravfølget, og bestefar har spurt guten fleire gonger om han hører nokon som syng? Det er litt snø i lufta og stille. Om natta har det kome litt snø, såpass at det er sledeføre.

Først har dei vore og hogd granbar som dei har hakka sundt og lagt på vegen. Det same har folk gjort på alle gardane følget fer forbi. - No hører eg salmesong, sier guten, og like etter; - Der kjem dei! Det er mange hestar i følget, og liksongaren syng eit salmevers for kvar gard dei fer forbi.

Bestefar tek til å ringja med det same han ser likfølget, og ringjer heilt til alle er komne fram til gravplassen. Når alle er framkomne, blir kista boren til grava og senka ned. Liksyngaren les frå Bibelen og det blir sunge ein salme. Jordfestinga har han ikkje lov til å gjera. Den må presten foreta. Dette skjer i samband med ei preikehelg på Nilsskog i midten av juni, og det var gjerne 4-5 jordfestingar kvart år.

Begravelse på Båtstrandmoen. Dei to som står bak kista til høgre er Nils Arntsen og kona Marit.

 

I begravelsesgarden var det mykje å ordne når følget var faren til gravplassen. Likhalmen (halmen i senga etter den døde) skulle brennast. Dersom oska etter halmen hadde danna avtrykk etter ein fot, skulle neste begravelse bli i den leia foten peika. Så skulle middagen vera ferdig til følget kom att frå gravferda. Middagen var kjøtkaker i brun saus med ertestuing og sviskegraut.

Bildet er frå ein begravelse på Båtstrandmoen. Bak kista ser vi liksongaren Mikal Jakobsen Strøm. Liksongaren var ein viktig person ved begravelsen. Han heldt andakt i heimen og var den som bad til bords. Seinare song han eit salmevers for kvar gard dei for framom på tur til kjerkegården.

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland