www.drevja.com Hovedside Ma. 25. sep. 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Flytur - Drevja

Veg
Fv. 78 Ømmervatn
Halsøy-Hjartåsen
Halsøy-Leirosen
Holand-Brattlia
Toventunnelen
Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Fattig-folk
28.03.2008 23:01
Hovedside >

I gamle dagar var det ikkje noko ordna fattigstell. Det var kjerka og klostra som prøvde å hjelpa dei fattige og forkomne.

På syttenhundre-talet vart det vedteke at det skulle vera høgtids-offer i alle kjerkone til inntekt for dei fattige.

Kring 1840 vart legdsordninga vedteken. Dei fattige vart sette bort på omgang i bygda. Dei var jamt 4 eller 5 vekor på kvar stad, men litt store gardar og rike folk kunne hava årslegd.

Var legdslemene arbeidsføre, måtte dei hogga ved eller gjera eitkvart anna - etter som det høvde og kreftene var til. Denne ordninga var etter måten bra. Dei fattige åt ved same bordet og av same maten som husbondsfolket, og dei låg på stu-loftet saman med det andre husfolket.

Det er ei herming etter ein som heite Johan Røre. Dei spurde om han ikkje heller ville døy og koma til himmelen, enn å fara såleis å reka i gardane.

- Nei, e’ vel heller kom åt ho Massi Larsde i Vikdalæ heller ho Maren Anæ på Ør'n.
Han hadde vore der før, og visste at dei kjerringane hadde god mat, og stelte godt med han.
I krigs- og nødåra straks etter 1800-talet, var det stor nød for fatigfolket. Det var mange som svalt ihel. I denne tida fall og pengane.

Jakob Bentsson Dalmo, som var utkommandert i 1808, fortalde at i Alsundæ (Ålesund) hadde han betalt 1 daler for ei spikesild og ein brødleiv.

Far fortalde at då han var småglunt, låg Dalmo-Jakob fleire gonger på Holand. Det var på veg til kjerka, eller når han skulle inn til Rynes eller Kulstadsjøen. Han far tykte det var ei heil høgtid når han Jakob kom, for han fortalde så mykje om krigen og hendingane i ufredsåra.

Dalmo-Jakob var på ein kanonbåt. Dei rodde båten og var to mann om åra. - Ein gong dei var i kast med engelskmennene, kom det ei kanonkula mot dei. Ho var så utjaga at dei såg ho. Ho råka ein bolt og slo han inn på to tommar. Men hadde ho havt drekt, hadde ho slege av føtene på fire mann.
Dei hadde ein løytnant til sjef, og han var dårleg lika. Maten var kleinsleg, og lite fekk dei. Til kveldan var det graut og brennevin. Han som målte ut åt dei, hadde ein sers stor tomme, og den stakk han djupt ned i målet. På den måten stal han maten frå dei.

Dalmo-Jakob var ein stor, sterk mann. På romet der dei låg, avtala dei ein kveld at dei skulle gi løytnanten stryk ein gong det høvde så. Jakob vart vald til den jobben.

Så ein kveld offiserane hadde fest, passa Jakob på då løytnanten kom ut eit snarærend. Jakob gav han eit slag så han seig i hop.

- Då eg såg han rådde med seg og ville reisa på seg, tenkte eg: Eg er så straffskyllo i kor som er, og så gav eg han ein til. Og så sprang eg inn på romet og la meg, fortalde Jakob.

No vart det slege alarm. Men då ingen visste kven som hadde slege løytnanten, vart det vedteke at heile mannskapet skulle piskast.

Det var ein danske mellom mannskapet. Han fann seg ei øks, og steig så fram og sa at før den skuldlause skulle li for den skuldige, før skulle han hogga ned for fote så lenge han vann! - Det vart då ikkje noko av den piskinga.

Jakob Bentsson Dalmo var bror til Anders Bentsson. Anders var gift på Myrmoen. På Myrmoen var det ei kanonkula som Jakob Bentsson hadde havt med seg frå krigen. Eg såg kula. Ho var av jarn, og eit par tommar i tverrmål. Ho er no på Vefsn bygdesamling.

I krigsåra var all innførsla stoppa. Og dei små lagra av korn vart det snart slutt på. Verst var det i 1812. Då fraus kornet midt på sommaren. Den vinteren var det mange som svalt ihel. Borkbrød vart mykje bruka. Her i Drevja var det fåra (furua) på Forsfjellet og Kommerfjellet som vart berginga for mykje av bygdefolket. Dei vil ha det så til at skogen fekk slik påkjenning den gongen at han ikkje, har kome seg enno.

Marit Jakobsdotter frå Bergsnev, som var gift her på Holand, fortalde at ho var så utsvelta at ho greidde ikkje reisa seg. Ho måtte ha noko å ta i når ho skulle koma seg på føtene.

I 1813, som dei gamle kalla - "litj-godåret", planta dei kornet på åkeren. Det rakk lenger på den måten.

På Utnes fraus ikkje kornet. Det var mange som fekk seg ein korn-neve der.

1813 var eit uvanleg godt år. Marit Jakobsdotter fortalde at mor hennar - ho Bergsnev-Kari, var ute og skar seg eit band med bygg i slåttonna, gnudde itur det, turka og mol kornet på hand-kvenna. Og så fekk dei seg graut til kveldan.

På Bergsnevaksla fann dei ein daud mann. Han hadde vore med Holandssjøen etter litt turrfisk, men greidde seg ikkje heim.

Husmannen på Naustbakko - plass under Lindset - svalt ihel. Denne tida lærde folk å ha vyrdnad for maten. Eg minnest ho Marit Jakobsdotter vart både sint og sorgfull når ho såg det spiltest korn eller annan mat.

Legdsordninga vara fram til 1900-årsskiftet. Etter den tida vart dei fattige hjelpte på andre måtar.  Dei som hadde hus og kunne stella åt seg sjølve, fekk ei lita pengehjelp. Andre vart burtsette mot betaling, til folk som hadde høve å passa dei. Det vart bygd gamleheim i Vefsn kring 1913. Då Drevja vart utskild frå Vefsn i 1927, fekk Drevja rett til å ha sine gamle dit.

Å koma "på kasen" heldt dei for ei stor skam. Det var mange som streva og svalt for å greida seg sjølve. - Og det var utruleg kor lite dei kunne greida seg med.

Ho Marit Halvardsdotter som var innerst på Nermoen ei tid, koka seg graut til kvelds, og til grautsøvl strauk ho med varme grautskeia burt på talgljoset. Ho bruka det både til ljos og mat. Dei som hadde meir enn dei trong sjølve, hjelpte dei fattige og forkomne. Dei var stort sett meir gjestfrie enn vi er i dag. Det kan nok tenkjast at den nye forsorga både med hus og mat, har gjort some late og meir likesele.

Den siste legdskallen eg minnest, heite Arnt Jakobsson. Han var ifrå Almli. Det var ein stor, sterk mann. Han hadde mesta all si tid rake på sjøen. Han hadde vore fangstmann i Ishavet, og hadde fare med trelast frå Arkangelsk til England. Han fortalde mange historier frå desse ferdene. Han var ein framifrå spåmann når det galdt veret. Det var sjeldan han tok feil.

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Folketelling-1801-Vefsn
Folketelling-1865-Vefsn
Folketelling-1875-Vefsn
Folketelling-1875-Mosjøen
Folketelling-1900-Mosjøen
Folketelling-1900-Vefsn
Folketelling - 1910
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland