www.drevja.com Hovedside Sø. 19. nov. 2017
Meny

Drevja barnehage
Granmoen skole
Verktøysmia  

Tovenveien Velf.

Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Norges veteranforb
Vefsn jeger- og fisk

Sangen om fjellet


Værvarsel Drevja

 


 


Redaktør:
Webjørn Solli
webjorn.solli (a)
gmail.com

Bestefar fortel
30.10.2006 11:07
Hovedside >

Kilde: Drevja-boka, av Gunnar Holand (Teksten er slik Gunnar Holand skreiv den i 1948).

Fortel om Lofoten, bestefar! Bestefaren tek småglunten på kneet, og så fortel han om ferda nordover, om Andklakkan, Selsøyvik, Støtt og dei andre væra, dei oftast var framme i. - Dei råkar uver og må setja opp båtane, dei ligg og frys i dårlege uthus og må måka snøen av sengkleda når dei står opp. Og endeleg kjem dei åt Grytøya, den siste staden, før dei legg til fjords. Gamlekarane kalla det Reina. - Der kunne det samlast dei hundre båtar. Og bestefar fortel om livet der, om då han første gongen var med til Lofoten, berre fjorten år gamel. Der samlast ofte alt fiskarfolket frå Trøndelag og opp til Salta for å venta på fjordver.

Når staværingane og helgelendingane møttest, vart det jamt slåsting. Det var som når oksane eller verane frå to buskapar møtest. Og så fortel bestefar om då han skulle henta vatn, - korleis han gong på gong vart kasta ifrå brunnen og nedover is-svollen ved brunnen, så han og bøtta hamna mesta nedmed fjæra.

Det var ein stor, sterk staværing som passa på at ikkje dei andre skulle få vatn før hans sambygdingar hadde fått det dei trong. Og bestefar måtte fara attende på låv-rommet, der dei låg.
Ein sterk vefsning - han var som ein liten Samson - tek bestefar og bøtta med seg bort til brunnen. Staværingen vil jaga dei vekk. Men då er det han Samson tek offensiven, og det vert eit vilt slagsmål. - Det er som når to herar tørnar i hop. Men han "Samson" kastar mann etter mann nedover is-svollen, og slaget er vunne.

Glunten dirrar av spaning medan bestefar fortel. - Vatnet skulle vera til supamok, det var sild og blondsupa til kveldan.

Dei låg på eit stort låvrom, fortalde bestefar. Støvel og skinnbrok hadde dei til dyna, og til matbord broka dei seng kleda. Inst på låvromet heldt dei kor, midt på romet spela dei kort og ytst ved døra der slost dei.

Det var brennevinshandel i Grytøya.

Endeleg klårna det opp, og tidleg ein morgon la heile flåten til havs.

Så fortel bestefar om fisket, - kor dei balar og slit på garn-lenkja, - kor dei kappror i stilla og maksver, og om segling i storm og snøkave. Men når sola skin igjen, og Vestfjorden ligg og blenkjer, og du kjem på land med riplasta båt, er alle vonde dagar gløymde.

Bestefar har vore i Bergen, og ein kveld fortel han om den ferda. Dei har jekta full-lasta med turrfisk og tran, og dei kjem sigande inn på våga. - Han fortel om dei store bryggone, som er fulle av varor. Og om dei fine husa og dei mange gatone, om framande folk, som dei ikkje forstår eit ord av, og om travle dagar med lossing og lasting til langt på kveld. - Ein dag vert dei bedne inn å eta middagsmat hos kjøpmannen. Og det var så fint, så fint.

Alt det bestefar fortel, har småglunten soge i seg, og han minnest liketil namna nordover leia. - Når han vaknar om natta, ligg han og tenkjer. - Når han vert stor, vil han verta høvesmann som bestefar - og han vil fara til Bergen, og han vil verta så stor og sterk, at han bankar opp alle staværingane som ikkje ville lata bestefar få vatn.

Desse små sogone frå bestefar eller andre var med og skapte tradisjonen. Det dei gamle gjorde og tenkte, vart grunnlaget vi bygde vidare på.

Nasjonalt sett flyt vi på tradisjonen. Det vi har fått i arv frå fedrene, i mål og sed, i dåd og dikt, det er det som gjer oss til eit folk.

Tradisjonen frå lofotlivet hadde gått dei gamle i blodet. Det var med dei som med flyttfuglane, - når tida kom, måtte dei i veg. Ja, det gjekk så vidt, at når dei vart for gamle til å vera med, skjemdest dei, og ville knapt møta dei som skulle i veg eller kom att frå Lofoten. - Ung-gluntane vart ikkje haldne for vaksne, før dei hadde vore med i Lofoten. Men når dei hadde gjort sin førstehands, då kunne dei vera i lag med dei vaksne, og då kunne dei vera i lag med tausene.

(Publisert: 27. feb 2004)

Tilbake

Historielinker
Digitalarkivet
Folkeskatten 1691-1696
Halsøy songkor 
Hamnøya - bilder
Helgeland Historielag
Historiske kilder
Holmen gård 
Kulturminnesøk
Oladalens venner
Roy Søfting-slekt
Vefsn Slekthistorielag

web: info helgeland