www.drevja.com Kultur Fre 3. sep 2010
Meny

Granmoen skole
Guro og Lotte
Verktøysmia
Bysprinten
Mosjøen Båtforening
Sangen om fjellet
Helgeland av G.v.Rijkom
Tovenveien

Minne om mor
- dikt av Johan Rossvoll


Det går ein fot over tunet,
han set seg så stille ned.
Det er som han kviskrar til sporet,
No vil eg så gjerne ha fred.

Men eingong var foten spenstig,
han var som ei fjør av stål.
Der han trippa seg fram etter vegen,
mot nære og fjerne mål.

Der heime så flittig du streve,
for deg vart dagen lang,
men aldri eg høyrde du klaga,
det gråe du pynta med song.

No kvile den sterke handi,
som losa mine første steg,
og den rolege stemmen som minna,
om det gode på livsens veg.

Fram strøymer ein flaum av minner,
der eg vankar i villaste kratt.
Skal tru om eg ein gong finner,
den vegen du viste meg att.
web: info helgeland